Hopp til innhaldet
FABForeininga for ansvarleg besøksforvalting i Luster

Cruiseturismen i Skjolden og Luster skal vere innanfor tolegrensa til lokalsamfunnet og naturen

FAB er ei partipolitisk uavhengig foreining med lokal forankring i Skjolden.

Vi er ikkje «imot cruise». Vi støttar reiselivsverksemd innanfor toleevna, slik at det er plass til både cruise og andre reiselivsverksemder og næringar side om side.

Eit stort cruiseskip ved kai i Skjolden, sett over elva med bruer, hus og fjell rundt.
Spirit of Discovery ved kai på Skjolden 13. mai 2026 – eitt av dei minste skipa som kjem, med 999 køyeplassar. Same dag låg òg Sky Princess inne, og til saman gjekk 4 625 gjester i land. Foto: FAB.
medlemmer
232
av medlemmene bur i Luster
60 %
av medlemmene er under 45 år
51 %

Dette ber vi kommunestyret om

Neste år er det booka 66 cruiseanløp til Skjolden, fordelt på 60 dagar i sesongen. På 42 av desse dagane kjem det over 1 500 passasjerar på ein gong. I innspelet til Luster kommunestyre føreslår FAB tre grep:

  1. Per dag: maks 1 500 passasjerar fritt i land på Skjolden.
  2. Per sesong: maks 100 969 gjester, same nivå som i referanseåret 2025.
  3. Cruisefrie helgar og fridagar i skuleåret (sommarferien er unnateken).

Innanfor desse rammene kan kaia nå målet sitt om om lag 80 anløp i året, så lenge veksten blir spreidd utover sesongen frå april til oktober.